Du er her: Nyhetsoversikt >Lang saksbehandlingstid for papirmeldingar – bruk Altinn
 
NB! Denne nyheten ligger i Bedins Nyhetsarkiv.
Nyhetsarktivet inneholder nyheter som er mer enn 1 måned gammel.
Redaksjonen er ikke ansvarlig for evt. feil i artiklene.

Lang saksbehandlingstid for papirmeldingar – bruk Altinn

Treng du å få registrert eit nytt føretak eller oppdatere opplysningar på eit registrert føretak, bør du i sommar nytte deg av den elektroniske versjonen av Samordna registermelding i Altinn. Om sommaren aukar saksbehandlingstida på saker som blir sende inn på papir.

Saker som blir sende på papir til Føretaksregisteret har ei behandlingstid på meir enn to veker. Underdirektør for rådgivarstaben i Næringsavdelinga, Sverre Hovland, seier at årsaka til den lange saksbehandlingstida er ferieavvikling kombinert med høg innkomst. Hans oppfordring til deg som i sommar skal registrere eit føretak, slette eller gjere endringar, er å nytte den elektronisk løysinga.
- Saksbehandlingstida for dei elektroniske meldingane er berre få dagar, informerer Hovland.

Den elektroniske løysinga kan brukast for dei fleste meldingar og organisasjonsformer.

  • Du fyller berre ut dei felta som er nødvendige. Det er hjelpetekstar for kvart felt
  • Kontroll av skjemaet før innsending gjer det lettare å oppdage feil eller manglar og det er mindre risiko for å få meldinga i retur
  • Saksbehandlingstida er kortare
  • Lågare gebyr for elektroniske meldingar til Føretaksregisteret
  • Miljøvennleg og kjapt, du sparer papir og postsending

 

Kilde: Nyheter fra Brønnøysundregistrene, publisert 09.07.10


Sist endret: 09/07/2010
Andre generelle nyheter
Skaperkraft 2010 - Har du årets næringslivsidé?
Informasjonsdag for nyregistrerte enkeltpersonføretak i Skatt vest
Informasjonsdag for nyregistrerte enkeltpersonføretak i Rogaland og Sunnhordland
Nedgang i talet på konkursar i august
Uendret ledighet i august
Sparer tid med Altinn
Alt (du trenger å vite) om Norge
Innovasjon Norge skal bli enda bedre