| Du er her: Nyhetsoversikt >Svak auke i talet på nye føretak | | | NB! Denne nyheten ligger i Bedins Nyhetsarkiv. Nyhetsarktivet inneholder nyheter som er mer enn 1 måned gammel. Redaksjonen er ikke ansvarlig for evt. feil i artiklene.
| Svak auke i talet på nye føretak11 795 nye føretak vart registrerte i 4. kvartal 2009, ein auke på 280 i høve til same perioden i 2008. Totalt vart det registrert 45 468 føretak i 2009, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med 2008. Talet på nye føretak er det lågaste sidan 2003, og er om lag 17 prosent lågare enn i toppåret 2006. 93 prosent av dei nye føretaka i 2009 var nyetableringar, medan resten var overtakingar. Flest innanfor tenesteytande næringarNesten 15 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2009 høyrde til næringshovudområdet fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, medan 13 prosent var innanfor byggje- og anleggsverksemd. Færre aksjeselskap, fleire NUFAksjeselskap hadde den største nedgangen frå 2008 til 2009 med 24 prosent færre nyetableringar. Talet på norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) auka i same perioden med over 13 prosent. Totalt 3 748 NUF vart etablerte i 2009, og er det høgaste talet på nyetablerte NUF sidan 2001 då statistikken vart etablert. Nye føretak kan fordelast på overtakingar (eigarskifte) der føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd, og nyetableringar der føretaket representerer heilt nye verksemder (reelle nyetableringar). Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning. Kilde: Nyheter fra SSB, publisert 05.03.10 |
Sist endret: 05/03/2010 |
| |