- Alle kvardagar i kontortida sit det inntil tolv
dyktige bedriftsrettleiarar klare for å gi etablerarar og norsk næringsliv svar
på heile bredda av spørsmål som gjeld bedriftene sitt forhold til det
offentlege: Hjelp til etablering, organisasjonsformer, skatt, moms,
arbeidsgivaransvar, permitteringar, import og så vidare, fortel
Narviktelefon-ansvarleg, Bjørnar Mathisen.
- Det er i praksis få avgrensingar med omsyn til kor
lenge og kor ofte ein kan ringje. Å bruke omgrepet ”gratis personleg
bedriftsrettleiar” er derfor ikkje aldeles feil, seier Mathisen, vel vitande om
at mange nok i tillegg vil ha god bruk for både offentlege og ikkje minst
private rådgivarar innanfor ulike område.
- Vi har solid fagkompetanse. Dei som ringjer får
dermed i all hovudsak svar på direkten, og i alle høve i løpet av få timar. I
tillegg legg vi stor vekt på å snakke forståeleg norsk, ikkje fagspråk.
Utanom arbeidstid kan ein sende inn spørsmål via
e-post via nettstaden www.bedin.no
Heile pressemeldinga finn du her.
Kilde: Pressemelding fra
Brønnøysundregistrene